Referat tidligare arrangement
Informasjon
Navn på arrangementet
Årsmøte
Stad:
Klubbhuset, festsalen
Dato:
torsdag 17. februar 2022
Klokka:

19:00
Aldersgruppe:
Fra 15 år
Pris:
0
Beskrivelse
OBS: Seinast ei veke før årsmøtet vert sakliste og årsmøtedokument tilsendt på e-post til dei som er påmeldt.
Styret kallar med dette inn til Årsmøte i Finnås Sportsklubb.
Me planlegg å gjennomføre som eit fysisk møte, men som fylgje av koronapandemien kan ein måtte endre dette til digital gjennomføring på kort varsel.
Alle som ynskjer å delta må melde seg på ved å trykkje påmeldingsknappen, eller melde seg på via Rubic Laget Mitt appen. Påmeldingsfrist er 15.02.2022
Saker ein ynskjer tatt opp på årmøstet må vera styret i hende seinast 02.02.2022. Saker skal meldast inn via den digitale forslagskassen vår.
- Ynskjer du meir informasjon om digitale årsmøter kan du lese om dette på NIF sine sider her.
- Lenke til det digitale møtet vil bli tilsendt på den e-posten som er registrert i medlemssystemet vårt.
- Fullstendig sakliste med naudsynte saksdokument vert gjort tilgjengelege for nedlasting seinast ei veke før møtet.
For å ha stemmerett på årsmøtet må ein ha vore medlem av Finnås Sportsklubb i minst ein månad, fylle 15 år i 2022 og gjort opp sine økonomiske forpliktelsar til klubben. Alle medlemmer har uansett møterett, talerett og forslagsrett.
Med vennleg helsing,
Styret i Finnås Sportsklubb